Ein motorsykkel har sklidd av vegen på E39 i Movika i Førde, melder Vest politidistrikt.
Føraren er vaken og medviten. Helsepersonell er på staden, melde politiet litt etter klokka åtte fredag kveld.
– Ambulansepersonell som hadde fri var tilfeldigvis i nærleiken og kom raskt på staden og kunne undersøke føraren, ein mann i 20-åra, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes ved Vest Politidistrikt til Firda.
Det er 60- sone på staden.
– Motorsykkelen hadde fått nokre materielle skader, og føraren klagde over smerter. Han vart køyrd med ambulanse til Førde sentralsjukehus, bilbergar har henta motorsykkelen, og det vil bli oppretta politisak, seier Loftesnes.
Det er ikkje mistanke om rus, seier han.