Det har skjedd ei motorsykkelulykke på fv. 5627 Bjørgavegen i Aurland, opp mot Stegastein.

Ein MC med to personar har volte, og sykkelen ligg ca. 2–3 meter utanfor køyrebana.

110 Vest skriv på Twitter klokka 15.46 at dei to som sat på sykkelen skal vere bevisste og oppegåande.

Det er smal veg og mykje trafikk, og det er derfor redusert framkomst.

Vegtrafikksentralen vest skriv at det har vore trafikale problem i nokre timar i dag, og at ulykka truleg ikkje gjer saka noko betre.

Vegen var stengd ein periode for å få unna trafikken, og er klokka 17.30 opna att.