Gå til sidens hovedinnhold

MC krasja med bil i Vadheim

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er meldt om ein del kø i området.

Klokka 14.47 melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke i Vadheim. Ifølgje politiet var det ei møteulykke mellom ein MC og ein bil.

Naudetatane vart sendt til staden, og då meldinga kom var det ikkje meldt om alvorlege personskader.

Vegtrafikksentralen vest melder at ulykka skal ha skjedd ved Ulvehovden. Klokka 15.28 var det manuell dirigering på staden, og ein del kø i området.

Klokka 17.12 vart det meldt om fri ferdsel på vegen.

Operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt fortel til Firda at dei involverte er sjekka av ambulansepersonell.

– Kva som har skjedd er uavklart. Det er ord mot ord, seier operasjonsleiaren som reknar med at det vil bli oppretta sak på forholdet.

Han fortel at bilbergar har henta både bilen og motorsykkelen, og at vegen er rydda etter ulykka.