MC-førar i starten av 20-åra sklei i Kvernbergtunnelen

MC-ULYKKE: Alle naudetatane vart kalla ut etter ei MC-ulykke ved Kvernbergtunnelen i Førde onsdag.

MC-ULYKKE: Alle naudetatane vart kalla ut etter ei MC-ulykke ved Kvernbergtunnelen i Førde onsdag. Foto:

Er frakta til lokal legevakt for sjekk etter smerter i kne og arm.

DEL

I 19-tida onsdag kveld kunne ein høyre sirener i Førde-området. Operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad ved Vest politidistrikts operasjonssentral stadfesta då at det hadde skjedd ei ulykke, men fortalde at dei førebels visste lite anna enn at det var ei MC-ulykke.

– Dette har vi fått meldt via pårørande. Vi veit enno ikkje noko meir, sa Brakstad då.

Alle naudetatar sendt

Politi, ambulanse og brannmannskap vart sendt til staden.

Om lag klokka 19.20 vart det meldt at tunnelen var stengt, men få minutt seinare vart tunnelen meldt opna att.

Frakta til legevakt

Politiet oppdaterte klokka 19.44 med at føraren er køyrt til lokal legevakt. Dei melder at føraren skal ha smerter i kne og arm.

– Han hadde smerter i kneet og var oppskrapt langs armen, seier operasjonsleiar Brakstad.

Føraren var ifølgje Brakstad ein ung mann i byrjinga av 20-åra.

– Det blir oppretta sak på forholdet. Vi veit ikkje eksakt kva som har skjedd, men han har sannsynlegvis sklidd på noko i vegbana i tunnelen, seier operasjonsleiaren.

Sykkelen står no utanfor tunnelen, og slik Braksdal forstår det vil den bli henta ved hjelp av kjente.

Artikkeltags