Gå til sidens hovedinnhold

Mattilsynet åtvarar mot å ete fisk frå Hardangerfjorden og Sognefjorden

Fisk i Hardangerfjorden og Sognefjorden har så mykje kvikksølv i seg at Mattilsynet rår mot å ete han.

I enkelte område langs kysten inneheld djupvassfisken brosme høge verdiar av kvikksølv i fileten. Høgast nivå er det i delar av Sognefjorden og Hardangerfjorden, skriv Dagbladet.

Mattilsynet åtvarar derfor fritidsfiskarar mot å ete brosme frå desse områda, heiter det i ei pressemelding på Matportalen. Mattilsynet opplyser til NTB at dei åtvara om kvikksølvnivået i brosme i Sognefjorden og Hardangerfjorden allereie i 2017.

Også Havforskingsinstituttet har komme med same konklusjonen.

Kvikksølv er eit giftig grunnstoff og ei miljøgift som kan føre til skadar på nervesystemet og nyra hos menneske dersom det hopar seg opp i store mengder.

I tillegg til brosme har det i djupvassfisken blålange ofte vorte påvist høge verdiar av kvikksølv.

Det er uansett mengda av fisk ein et, som er avgjerande for om ein risikerer å få mykje kvikksølv i seg.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken