Gå til sidens hovedinnhold

Måtte stenge veg etter at to vogntog blei ståande fast

To vogntog blei ståande fast ved skisenteret ved Blomlia på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll fredag kveld.

Statens vegvesen melde klokka 22.47 at vegen blei stengt på grunn av bilberging.

Også på Facebookgruppa for dei som kjempar for tunnel ved Heilevang, kom det varsel frå eit medlem om den stengde vegen.

Det var ein del bilar i kø og vegen var glatt, melde tipsaren.

Kommentarer til denne saken