Gå til sidens hovedinnhold

Måtte stenge to fjellovergangar: – Veldig uvanleg

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegtrafikksentralen: -Vi får håpe det er eit eingongstilfelle

Fv. 258 gamle Strynefjellsvegen og fv. 55 Sognefjellet måtte stenge i natt.

Årsaka var dei dårlege vêrmeldingane.

– Når det er meldt minusgrader og nedbør, så må ein ta sine førehandsreglar. Vi har ikkje folk ute på same måte på jobb, og folk flest køyrer rundt med sommardekk, så det handlar om trafikktryggleik, seier Nils Aa i vegtrafikksentralen tysdag morgon.

Det er ikkje snø i vegbana, men kuldegrader og nedbør har gjort vegane glatte.

– Kor vanleg er det å måtte stenge fjellovergangar sommarstid på grunn av slikt føre?

– Det er uvanleg, og vi får håpe det er eit eingongstilfelle.

Sognefjellet opna klokka 08.00 tysdag morgon att.

Kommentarer til denne saken