Måtte rygge i sving – enda i grøfta

UTFOR: Sjåføren av bilen som hamna i grøfta fekk ringt Viking og bestilt bilberging.

UTFOR: Sjåføren av bilen som hamna i grøfta fekk ringt Viking og bestilt bilberging. Foto:

To bilar møttest på trong veg i skumringa. Den eine måtte rygge, og då gjekk det gale.

DEL

Uhellet skjedde i ein sving på vegen til Åsane i nærleiken av Mo like før klokka 08.00 tysdag morgon.

– Vegen er litt trong, så nokon måtte rygge. Den andre bilen begynte å rygge først. Eg syntest den hadde litt høg fart, men tenkte at sjåføren hadde god kontroll. Så skar den over vegen og fekk dekket utfor kanten og blei sogen ned i den bratte skråninga, seier den eine sjåføren.

Sjåføren som rygga utfor kom seg visst frå det heile uskadd, og krabba ut av bilen for eiga maskin. Sjåføren fekk ringt bilbergar på staden.

Eit einsleg, tynt bjørketre var det einaste som hindra bilen å rulle vidare nedover den bratte skråninga.

Operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen i Vest politidistrikt seier politiet er ukjent med hendinga.

Artikkeltags