Måtte punge ut 11.459 kroner for tung last

Statens vegvesen sin tungtransportkontroll på Håbakken vart ei dyr affære for fleire førarar.

DEL

Tysdag og onsdag denne veka hadde Statens vegvesen kontroll av tungtransportkøyretøy på E16 Håbakken. Der måtte ein førar ut med 11.450 kroner for å køyrde med for tung last.

Ein annan måtte betale eit overlastgebyr på 8.750 kroner, då han ikkje hadde stilt inn vogntoget rett. Det gjorde at drivakslinga var overlasta, noko som kan gje slitasje på vegnettet.

For lite kvile og manglande kjetting

Ein førar fekk gebyr for å køyre utan kjetting på vinterføret. Det var også eit firma som køyrde ein varebil med tilhengar til godstransport. Denne føraren vart meldt til politiet for å ikkje ha fartsskrivar i bilen slik at han kunne registrere køyre- og kviletid.

Det var også ein førar som vart meldt til politiet for å ha brote kviletida si.

For mykje greier i ruta

Ein førar av ein lastebil fekk køyreforbod grunna for mange gjenstandar i frontruta. Årsaka var at det dekka for sikta til føraren.

Artikkeltags