– Entreprenøren er på staden no, sa Idar Sangolt, trafikkoperatør i vegtrafikksentralen klokka 10.23.
Det var då akkurat meldt om at Naustdalstunnelen på rv. 5 var stengt grunna oppryddingsarbeid.
Sangolt fortalde at dei hadde fått melding om glasbrot frå ei knust rute inne i tunnelen. Sangolt visste ikkje akkurat kva som hadde skjedd, men seier at dei ikkje hadde fått melding om at det skal ha vore eit trafikkuhell.
– Det kan vere noko som har falle ned frå eit lasteplan eller liknande, sa han.
Vegtrafikksentralen melde om hendinga klokka 10.21 fredag føremiddag. Det vart tidleg varsla om at oppryddingsarbeidet var i gang og at stenginga ville bli heilt kortvarig.
Det vart den også, men Vegvesenet måtte også kort tid etter stenge tunnelen på nytt for å få køyrt gjennom ein kostebil.
Klokka 11.31 vart vegen opna att for fri ferdsel.