Gå til sidens hovedinnhold

Måtte hentast av bilbergar etter å ha køyrt på stein på riksveg 5

Fleire steinar i vegen mellom Førde og Naustdal.

Like før 23.00 tysdag kveld fekk politiet melding om at ein bil hadde punktert etter å ha køyrt på ein stein i vegen.

Hendinga skjedde på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal, melder politiet på Twitter.

Vegtrafikksentralen blei varsla om hendinga og entreprenør reiste ut til staden.

– Det var fleire steinar i vegbana, som var 20 x 20 cm store, seier Jørgen Bødtker på vegtrafikksentralen.

Køyretøyet måtte hentast av bilbergar.

Kommentarer til denne saken