E39 Økslandstunnelen, mellom Sande og Vadheim, vart stengd onsdag morgon.
Årsaka var ein daud rev som låg daud i vegbana, midt inne i tunnelen.
Statens vegvesen skreiv på Twitter klokka 06:30 onsdag morgon at entreprenør er varsla.
– Dei er på staden ca. 06:50. Då vil det ikkje ta lang tid før ein kan opne tunnelen att, sa Tor Evensen, vaktkommandør i Vegtrafikksentralen.
Evensen fortalde at ein meldar ringde dei rett før meldinga vart lagt ut på Twitter. Meldaren oppdaga dyret, men var ikkje sjølv ansvarleg for påkøyrsla.
Andre saker frå i dag:

Les også
Omkøyringa har ført til køar. Men no blir det tatt nye grep

Les også
I seks år har Hyllestad kommune prøvd å få det tyske ekteparet til å lyde kommunale vedtak. No er det slutt på kommunens tolmod

Les også