Gå til sidens hovedinnhold

Matrebergtunnelen er stengt grunna trafikkuhell

Like før halv to fredag ettermiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell inne i Matrebergtunnelen på E39 i Nordhordland.

– Det er uklart kva som har skjedd, men ein bil skal ha punktert på to hjul, opplyser politiet.

Det er berre ein bil som er involvert, og det er ikkje meldt om personskadar.

Tunnelen er førebels stengt og naudetatar er på veg til staden.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33