Mathias slo rekorden i kule i sin klasse

NY REKORD: Mathias Dale er kulekastar. Foto: Privat
Bestenoteringa for G17 i kule innandørs er 15,53 meter. I helga slo Mathias Dale rekorden med nesten ein meter.
Breimsbygda og GFIL sin G17-utøvar, Mathias Dale, var laurdag på haustens første innandørssamling og stemne i Ulsteinhallen.
Bestenoteringa for G17 i kule innandørs var 15,53 meter. Dale sitt kast enda på 16,43 meter, melder Breimsbygda idrettslag i ei pressemelding.
– Resultatet 6 kg-kula er lenger enn utandørspersen hans på 16,33 meter. Med det er Dale heilt oppe i norsktoppen, seier Ola Bergheim i idrettslaget.
– Lovar godt
I G16 og G17 er 5 kg standardkula. Mathias har vunne alle stemna i si årsklasse dei siste to åra med denne, medrekna U-NM både inne og ute.
Med 17,99 meter som besteresultat med 5 kg-kula, klarte han kravet til EM U18 (17,35 m) med god margin. Men som ei rekke andre EM i sommar vart det avlyst.
Denne helga kasta han med 6 kg-kule. Den skal han bruke som U20-utøvar dei neste to åra.
– Resultatet lovar difor svært godt for overgangen og internasjonal deltaking, seier Bergheim.
Kommentarer til denne saken