Denne vert trekt frå butikkane

Karbonadedeig og kjøtdeig frå First Price vert trekt tilbake frå butikkhyllene fordi pakkane er merka med feil opphalvsland.

Karbonadedeig og kjøtdeig frå First Price vert trekt tilbake frå butikkhyllene fordi pakkane er merka med feil opphalvsland. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

MAT: Pakkane er merka med feil opphavslandland.

DEL

First Price Karbonadedeig 400 g med bruksdato 3. mars og First Price Kjøttdeig 400 g med bruksdato 5. mars vert trekt tilbake frå butikkhyllene fordi pakkane er merka med feil opphavsland.

Vara vert seld i Norgesgruppens butikkjeder over heile landet. På pakkane er Norge oppført som opphavsland, men kjøtet er eigentleg frå Tyskland, skriv nettavisa Siste.

First Price-produkta vert levert av Unil og er produsert av Fatland. Dei understrekar at det er trygt å ete karbonadedeigen og kjøtdeigen, men at feilmerkinga kan skape uvisse hos forbrukarane. (ANB-NTB)

Artikkeltags