Gravide bør unngå store mengder ingefær

INGEFÆR: Store mengder ingefær har vist seg å kunne føre til abort hos dyr. Mattilsynet åtvarar no gravide kvinner mot å drikke ingefærshots eller ta kosttilskot som inneheld ingefær. Å bruke ingefær i maten er framleis trygt.

INGEFÆR: Store mengder ingefær har vist seg å kunne føre til abort hos dyr. Mattilsynet åtvarar no gravide kvinner mot å drikke ingefærshots eller ta kosttilskot som inneheld ingefær. Å bruke ingefær i maten er framleis trygt. Foto:

Av

Mattilsynet åtvarar kvinner som er eller prøver å bli gravide mot ingefærshots og kosttilskot med ingefær.

DEL

Ingefær har tidlegare vorte anbefalt mot kvalme. No åtvarar Mattilsynet mot å drikke ingefærshots og ta kosttilskot som inneheld ingefær, etter ei risikovurdering frå Danske Tekniske Universitet (DTU).

Rapporten frå DTU førte til at Fødevarestyrelsen i Danmark gjekk ut med ei åtvaring til gravide i Danmark. Bakgrunnen for vurderinga er at store mengder ingefær har vist seg å kunne forårsake abort hos dyr.

– På bakgrunn av rapporten frå DTU og åtvaringa til Fødevarestyrelsen, bad vi Folkehelseinstituttet om ei vurdering. FHI støttar den vitskaplege rapporten som dannar grunnlaget for åtvaringa i Danmark, og meiner at dette òg er relevant for kvinner i Noreg. Vi har derfor valt å gi ei åtvaring, basert på den kunnskapen vi har no, seier seniorrådgjevar Monica Andreassen i Mattilsynet.

Ingefær i mat er framleis trygt. Det er særleg ingefærshots og kosttilskot med ingefær det blir åtvara mot.

Artikkeltags