26-åringen frå Førde opplever for tida eit handballeventyr utanom det vanlege. Ho reiste til Bergen for å kome nærare kjærasten, og spele 2. divisjonshandball med Gneist. Men så kom spørsmålet ho ikkje hadde venta: Vil du spele eliteserie og Europa League for Fana ut sesongen?

– Det har vore litt uverkeleg. Eg gjekk rett inn i troppen til eliteseriekamp og europacup berre ei veke etter eg fekk spørsmålet om å vere med, seier Vindheim.

Trudde ho var for gammal

Ho vart positivt overraska over å få spørsmålet, for Martine har sjølv ikkje gått og venta på denne sjansen. Ho trudde ho var blitt så pass gammal, at toget var gått. Men så vart det ei opning med skadde spelarar og sjukdom, og då såg ikkje den tidlegare Førde-spelaren seg tilbake.

No har ho spelt fire kampar for eliteserielaget, inkludert to Europa League-kampar mot verdsstjerner frå Frankrike, Danmark og Sverige. At ho spelar for samarbeidsklubben Gneist, meiner Vindheim har vore ein fordel.

– Sidan Gneist har eit samarbeid med Fana, har vi av og til fellesøkter. Dermed kjenner eg litt til spelarane og trenarane, og spelet deira blir heller ikkje heilt nytt for meg.

Heilt uvurderleg

Steget frå 2. divisjonshandball til spel i eliteserien og Europa League mot verdsstjerner er stort. Men ikkje større enn at Martine har tatt nivået med glans. Fana-trenar Erlend Lyssand er imponert over den nye tilveksten.

– Jobben Martine har gjort for oss i det siste har vore heilt uvurderleg. Ho har gitt oss eit løft, seier Lyssand.

Han er svært glad for at Vindheim sa ja då førespurnaden frå Fana kom.

– Sjølv om ho går i full jobb, sa ho likevel tvert ja då vi spurte, seier Lyssand, som har kjent til Vindheim sidan ho spelte i Førde.

– Eg har sett at ho har gjort det bra både i Førde og Gneist. I tillegg har ho vore litt innom treningane våre, så eg var ikkje i tvil om at ho hadde nivået inne, seier Fana-trenaren, som også trenar samarbeidsklubben Gneist ein gong i veka.

Sjansen min

Han er likevel litt overraska over at det har gått såpass bra. Og spesielt imponert over innsatsen Vindheim gjorde mot den danske serieleiaren Ikast i gruppespelet i europacupen.

– Martine kom inn og scora fire mål mot eit lag med landslagsspelarar i alle posisjonar, så eg vil nok seie at ho har prestert litt over det ein kunne forvente. Men ho har fått ein kjempestart og tatt vare på sjansen med begge hender, seier Lyssand.

Sjølv om både Martine og Fana tenkjer at dette er eit vikaroppdrag ut sesongen, er ikkje Vindheim heilt framand for å halde fram – viss ho får sjansen.

– No jobbar eg 100 prosent som lærar, og det blir ei vurdering om det gå å kombinere. Skulle eg få tilbod om å halde fram, vil eg vere villig til å jobbe mindre for å få det til å gå rundt. Eg tek uansett dei minutta på bana eg får no. Det er kjekt om det blir noko vidare, men eg er innstilt på at dette var sjansen min, seier Vindheim.

Familien viktigast

Ho treng ikkje tenkjepause når ho får spørsmål om kven som har hatt mest å seie for handballutviklinga.

– Det er familien min. Er ikkje sikkert eg hadde begynt med handball, viss det ikkje var for mamma og pappa, seier Vindheim. Som saman med søster Oda hadde tallause timar med handball i Førdehuset i oppveksten.

– Førdehuset var ikkje heim nummer to, det var heim nummer ein!

Oddny Sønnesyn

Akkurat det med tallause timar i Førdehuset kan mor Oddny Sønnesyn skrive under på.

– Førdehuset var ikkje heim nummer to, det var heim nummer ein! Både Oda og Martine har vore der sidan dei var nyfødde, så ein kan seie at dei fekk det inn med morsmjølka, humrar Sønnesyn.

Ho vil likevel understreke at jobben har dei gjort sjølv. Og når Martine no har debutert i eliteserien og europacupen, er det eit resultat av god jobbing over lang tid.

Må samarbeide meir

– Martine har vore dedikert og seriøs i treningsarbeidet sitt. Ho var alltid ein av dei som la ned mykje jobb, seier Sønnesyn, som og vil trekke fram viktigheita av å ha eit godt Førde-lag i Sogn og Fjordane.

– Å ha ein klubb som Førde på eit høgt nivå er svært viktig. Det betyr mykje for dei som vil utvikle seg og har ambisjonar om å spele på eit høgare nivå. Det minste vi må ha er eit lag i 2. divisjon. No er det fare for at vi rykkjer ned. Det vil vere ei katastrofe for handballen i Sogn og Fjordane, seier Sønnesyn, som meiner fleire klubbar bør gå saman for å skape eit topplag i Førde.

– Vi er litt for lite flinke til å samarbeide, seier Sønnesyn.

Heldigvis for Martine hadde Gneist og Fana eit samarbeid. Det fekk ho nytte godt av når skadane meldte seg i Fana-laget. Høgdepunktet for mor Oddny kom då Martine debuterte med fire mål i europacupen mot Ikast.

– Det var rørande å sjå kor god ho var.