Martin (40) kapra sjefsjobben i kamp med fem andre

NY KOMMUNEDIREKTØR: Martin Lundgård (40) er Hyllestads nye kommunedirektør. Han kjem frå jobb i Lotteritilsynet i Førde.

NY KOMMUNEDIREKTØR: Martin Lundgård (40) er Hyllestads nye kommunedirektør. Han kjem frå jobb i Lotteritilsynet i Førde. Foto:

Av dei seks som ville ha kommunedirektørjobben i Hyllestad, var det Martin Lundgård som fekk den. Han går no frå Lotteritilsynet i Førde.

DEL

– Det var gledeleg. Det er alltid kjekt å få beskjed om at ein har nådd opp i konkurranse med andre. Særleg med ein så ettertrakta jobb, og ein jobb ein verkeleg ønskjer, seier Martin Lundgård.

40-åringen, som bur i Dale saman med kone og tre born, vart under kommunestyremøtet i førre veke vald som ny kommunedirektør i Hyllestad. Jobben overtek han etter Gunn Lerøy, som i fjor gjorde det kjent at ho gir seg i jobben.

Går frå Lotteritilsynet

Seks søkarar kniva om å overta etter henne, men Lundgård kom ut på topp. Han fortel at det var ein jobb han verkeleg ønskte seg:

– Å vere kommunedirektør er ein av dei mest spennande og utfordrande i jobbane i offentleg forvaltning i Norge. Det er ingen like dagar og ein har moglegheita til å utgjere ein skilnad og å påverke kvardagen til innbyggjarane, seier han.

Han jobbar i dag ved Lotteritilsynet i Førde. Der har han jobba med anti-kvitvaskingsarbeid knytt til spelmarknaden i Norge i eitt år. Før dette jobba han i teknologibedrifta Avans i Dale, der han bur.

Lundgård er opphavleg frå Gudbrandsdalen, men kona er frå Dale. Ferda gjekk tilbake til heimbygda hennar i 2012, då dei fekk barn og ønskte å flytte meir landleg.

Den nye kommunedirektøren skal no pendle frå Dale. Avstanden er ikkje særleg kortare enn til Førde, og var heller ikkje utslagsgivande for at han søkte jobben.

– Nei, det er hipp som happ. Men det er i alle fall ikkje lenger.

Tidlegare Fjaler-rådmann

I arbeidsbagasjen har han også erfaring som rådmann i ein annan kommune i gamle Sogn og Fjordane. I to og eit halvt år frå 2016 sat nemleg 40-åringen som rådmann i Fjaler.

– Det betyr at eg kjenner regionen. Hyllestad har mange fellesprosjekt i HAFS og SYS, så desse har eg kjennskap til. Det er også ein fordel at eg kjenner mange av systema. Det er også felles skulesatsing i HAFS, same regionråd og den slags, seier Lundgård.

Eksakt når han tek over roret i kystkommunen, er ikkje avgjort. Det vil bli sett på i neste veke.

– Vi har vore gjennom både økonomisituasjonen og andre sider med Hyllestad i løpet av tilsetjingsperioden. Eg gler meg, og er spent på å komme i gang, seier han.

Det første som vil vente han er budsjettet. Det uroar ikkje økonomen, som også har mellomfag i juss.

– Budsjettprosessar i kommunar er alltid utfordrande, men eg har erfaring med det, seier Lundgård.

– Ser ein positiv trend

Gjennom dei siste åra har mange sjefar i kommunen slutta. Rådmann Bente Nesse slutta i 2018, og Gunn Lerøy no i 2020.

Lundgård er ikkje samd i at dette er hyppig utskifting, og peikar på at Nesse sat i stolen lenge.

– To sidan 2012, det meiner eg er ganske stabilt.

Hyllestad har kunne vise til ein betra økonomi, men folketalsutviklinga har det vore verre med. Samstundes har det vore tøffe tak ved hjørnesteinsbedrifta Havyard.

– Folketalsnedgang er nok ikkje unikt til Hyllestad. Men når det gjeld Havyard, så har eg via media registrert at det har vore utfordringar. Det er ein av dei største bedriftene i Ytre Sogn, så det er klart viktig og samstundes ein stor styrke for kommunen. Eg opplever uansett Hyllestad som ein kommune med positivitet. Hyllestadhallen har blitt eit samlingspunkt, og det bygd hus i nær alle grender, og folk flyttar tilbake. Eg ser ein positiv trend som eg ser som givande å jobbe med, seier den kommande kommunedirektøren.

Artikkeltags