– Eg har jobba i dette fagfeltet lenge og det har vore etterspurt noko som summerer opp filosofien eg står for, seier klinisk ernæringsfysiolog, gründer og no også forfattar, Marte Ulltang.

Ulltang lever eit travelt liv. Til vanleg jobbar ho fulltid i Helse Førde og med bedrifta si «sMarte matvalg» på sida av dette. Der driv ho med kurs og konsultasjonar på nett. Ho har også fire born, der den yngste er fire månadar gammal.

I fleire år har ho ønskt å samle filosofien sin innan ernæring i ei bok. No er ho ute med ei E-bok på i underkant av hundre sider: ein innhaldsrik guide til ein sunn livsstil.

– Det har vore kjekt å samle alt innafor eit PDF-dokument. Det har blitt ein liten smakebit på ei planlagt fysisk bok som kjem til hausten. Den vil vere utvida med endå meir, seier Ulltang.

Kostar i tid

E-boka som Ulltang er ute med har ho skrive i svangerskapspermisjon og utarbeida på eiga hand.

– Det kostar mykje tid og den er verdifull som firebarnsmor. Eg hadde ikkje hatt mogelegheit til dette om eg var i fulltidsjobb, men det har gått an å gjere i permisjon når den minste søv, seier ho.

Ulltang har også vore i dialog med Selja Forlag over ein to til treårs periode om ei fysisk bok, men timingen har aldri vore rett.

– Det må passe for begge partar. Vi snakka om det sist eg var i svangerskapspermisjon også, men då rakk eg ikkje å starte på bokprosjektet.

No er ho i gong med ei utviding av den allereie publiserte E-boka i samband med Selja og planen er å gi ut boka i september.

– Det er eit langt prosjekt. Eg prøvar å forme eit opplegg som på best mogeleg måte vil dekke det behovet som eg ønsker at boka skal fylle. Når det er sagt så var eg ferdig utdanna i 2012 og har mykje erfaring og informasjon liggande. Den største jobben handlar om å samle det i tekst, seier ho.

Målet til Ulltang er å gjere ferdig boka før permisjonen er over i mai.

– Eg reknar med at det går greitt. Eg ville ikkje gjort dette om det stressa meg veldig i kvardagen, men om det skulle bli knapt med tid, så fungerer eg godt under press også. Dottera mi søv og eg gjer det mest som ein hobby. Det er ein fin måte å kople av og nyte eigentida, seier Ulltang.

80 prosent gode val

– Det finnast mange liknande bøker. Kva er nytt med di bok?

– Livsstilsbøker er kanskje noko av det det blir laga mest av. Det finst mange mytar om mat og kosthald i sosiale media og nyheitsbildet. Eg er ein fagperson med mastergrad i klinisk ernæring og med ti års erfaring innanfor feltet. Eg vil vere stemma som seier at vanleg mat er godt nok. Det er det som er berekraftig for helsa. Ein skal ete godt livet ut, ikkje berre ein kort periode. Det er ikkje noko nytt, men det er ikkje så mange som skrik det ut.

Marte sin filosofi går ut på å gjere smarte val. Ho meiner ein kan velje litt av alt, men ikkje alt heile tida.

– Gjer du 80 prosent gode val i kvardagen, så gjer du mykje bra for helsa di. Dessutan vil eg formidle at det handlar om å velje gode alternativ av heilt vanleg norsk mat som ein finn i daglegvarebutikkane.

I både e-boka og den fysiske boka som kjem til hausten deler Ulltang nokre av sine favorittoppskrifter i ein kostplan. Målgruppa er dei som vil betre kosthaldet og matvanane sine: både dei som vil gå ned i vekt, men også dei som berre ønsker betre helse.

– Eg ser at kvinner i 50-årsalderen utgjer den største delen av kundegruppa, men boka er like god for tjueåringar som vil ha inspirasjon til korleis ete god, norsk mat.

Motivert til å halde fram

Etter utgjevinga av e-boka har Ulltang motteke berre gode tilbakemeldingar.

– Førde bibliotek hadde fått spørsmål om det var mogeleg å kjøpe inn boka fysisk, fortel Ulltang.

Boka kunne Ulltang ha gitt ut slik den er no, men ho ønsker at den skal innehalde meir og vere ei god bruksbok.

– Fordelen med e-bok er at det er mykje billigare enn ei fysisk bok og ein god måte å gjere materiale frå kursa mine tilgjengeleg for både kursdeltakarar, men også andre som vil betre matvanane sine. Det er også mindre tidskrevjande enn ei fysisk bok. Ulempa er at formatet ikkje passar alle.

Responsen på e-boka blei så god at Ulltang blei motivert til å skrive den komplette boka også.

– Eg håpar at alt arbeidet som ligg framfor meg er verdt det. Eg skriv ikkje nødvendigvis bøkene for å tene mykje pengar, men fordi eg vil dele filosofien min med flest mogeleg, seier ho.

No er ho spent på mottakinga.

– Tradisjonelt sett så er Selja Forlag sitt hovudmarknad Vestlandet, fordi dei lagar flest bøker frå Vestlandet. Men bøkene deira finst også i bokhandlarar, nettbutikk og bibliotek andre stader i landet. Eg har alltid store ambisjonar og målet mitt er å nå ut til heile landet, seier Ulltang.