Mann vifta med softgun- det likte politiet svært dårleg

DEL

Klokka 01.15 natt til søndag kom politipatruljen i Sogndal over ein mann som stod og vifta med ein softgun.

Politiet blei ikkje særleg sjarmert, sjølv om dei ikkje oppfatta hendinga som ein trugsel.

– Desse er veldig lik ekte våpen, forklarar Åge Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Enden på visa blei at mannen i 20- åra blei fråteken softgun-en.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken