Mann var sint og utagerande mot gjestar
Det var fleire hissige menn og kvinner på fest i natt.
Laurdag kveld fekk politiet meldingar om ein rusa og svært sint mann. Han var utagerande mot både gjestar og tilsette ved Skjerjehamn i Gulen.
– Det tar litt tid før politiet kjem seg ut der, då har mannen gått heim til bustaden sin, seier Dag Olav Sætre, ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.
Politiet oppsøkte mannen der han budde, og fekk kontroll på han der.
– Meldinga var dramatisk, men det ser ut til at det roa seg raskt ned, Sætre.
Ingen personar skal vere skadde eller utsette for vald.
Sett i drukkenskapsarrest i Florø
Ti på halv to fekk politiet auge på ein mann som urinerte i offentleg rom i Strandgata i Florø. Då dei tok kontakt nekta han å opplyse personalia.
– Han vart oppfatta som rusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv, seier Sætre.
Kvelden enda i drukkenskapsarrest.
– Dei måtte baske litt med han, for han var veldig aggressiv. Det blir oppretta sak, seier Sætre.
Krangla med vaktene
I Førde vart ei sint kvinne som krangla med vaktene ved Sunnfjord hotell sendt bort av politiet. Ho forlèt plassen då ho fekk beskjed om det.
I Vik rykte politiet ut til slåstkamp. Ifølge politiet var det ikkje store skader, og det er førebels ikkje oppretta sak.
– Partane må tenke seg om, om dei ønsker å melde saka eller ikkje, seier Sætre.
Kommentarer til denne saken