Mann til sjukehus etter trafikkulykke i Førde

Sklei av vegen og kolliderte med tre.

DEL

Ein mann er køyrt til sjukehus etter ei trafikkulykke i Flugedalsvegen i Angedalen i Førde.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 1750 tysdag kveld.

– Det var ein person i bilen. Den ser ut til å ha sklidd ned ein skrent og kollidert med eit tre, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik ved Vest Politidistrikt.

– Eg kan ikkje seie noko om årsaka til ulykka, men det blir meldt at det er glatt føre på staden, seier han.

– Føraren var åleine i bilen. Han er tilsynelatande uskadd, men blir sendt til sjukehus for ein grundigare sjekk, seier han.

Lensmann Dag Fiske seier til Firda at bilen hadde køyrt om lag 100 meter oppover då det gjekk gale.

– Det er ein kronglete veg og det var svært glatt på staden. Det blir ikkje oppretta sak, opplyser Fiske.

Artikkeltags