Politiet har endra siktinga mot mannen som er sikta etter knivstikking på Nordfjordeid 4. september. Mannen i 20-åra var opphavleg sikta for grov kroppsskade, men no er siktinga endra til å gjelde drapsforsøk.

Det skriv NRK.

Han skal også vere sikta for å frårøve fornærma sin fridom.

Tysdag vart han fengsla i fire ny veker, og han skal til rettspsykiatrisk observasjon.