Gå til sidens hovedinnhold

Mann redda seg ut då det tok til å brenne i huset hans

Alle naudetatane rykte torsdag morgon ut til ein brann på Tønjum i Lærdal.

– Klokka 05.21 fekk vi melding om kraftig røykutvikling i kjellaren i huset. Det var han som budde der som ringde oss. Han såg også flammar, fortel Frode Eide, vaktleiar på Alarmsentralen i Florø.

Mannen redda seg ut, og om lag 10 minutt etter at brannvesenet vart varsla var dei på plass.

– Flammane vart då slått ned, men det var ein god del røyk så vi måtte sette inn røykdykkarinnsats for å finne ut kor det brann, seier Eide.

I etterkant har brannmannskap jobba med riving av nokre veggar og tak i kjellaren. På rommet var temperaturen så høg at brannen gjekk inn i takskiljet på huset, opplyser Eide.

Mannen vart sjekka av ambulansen på staden.

Kva som er årsaka til brannen er ikkje kjend, men politiet har oppretta sak og vil etterforske hendinga.

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33