Mann råkøyrde i 60-sone i Førde: – Førarkortet blei beslaglagt

Politiet har hatt litt å gjere natt til laurdag.

DEL

– 23:35 utførte politiet laserkontroll i Førde. Ein mann i 30-åra blei stoppa etter å ha blitt mål til 91 km/t i ei 60-sone. Førarkortet blei beslaglagt på staden, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Klokka 00:41 i natt fekk politiet klagar på høg musikk får ein båt som låg til kai i Sogndal sentrum.

– Dei fekk pålegg av politiet om å dempe musikken, fortel Dahl-Michelsen.

På Nordfjordeid fekk politiet melding 03:45 om ein rusa mann i 20-åra som hylte og skreik i eit bustadområde.

– Mannen blei køyrd vekk av politiet, og seinare plukka opp av ein kjenning. Han er politimeldt for ordensforstyrring.

Artikkeltags