Mann og dame i 20-åra måtte hentast ned frå fjellet med helikopter

Det vart sett på som utrygt å gå ned sjølv, på grunn av skredfare. I staden måtte dei hentast av redningshelikopter.

DEL

Eit turfølge stod fast like under toppen av fjellet Fanaråknosi i Sogn, melde Vest politidistrikt tysdag.

Det er snakk om ein mann og ei dame i 20-åra. Det gjekk snøskred medan dei gjekk til topps på fjellet, utan at dei blei skadd eller tatt av dette, skreiv politiet klokka 12.43.

– Dei er redde for at det skal gå skred når dei går ned, sa Eivind Hellesund, operasjonsleiar i politiet til Firda.

Turfølget ringte Hovudredningssentralen, som avgjorde å sende eit redninghelikopter til staden for å berge ned turgåarane. Helikopteret blei sendt klokka 12.22.

Operasjonsleiar Hellesund reknar med dei to turgåande er på ski, utan at han veit dette sikkert.

Klokka 14.23 melde operasjonssentralen at fire personar var henta ned av redningshelikopteret. Alle fire var i god behald.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken