Gå til sidens hovedinnhold

Mann mista lappen i Nordfjord

Under ein fartskontroll i Nordfjord måtte fleire bilistar finne fram lommeboka.

Måndag hadde UP ein laserkontroll på fv. 60 ved Olden i Nordfjord.

Området dei kontrollerte har 80-sone, men det var det ein del som ikkje brydde seg om.

Under kontrollen fekk elleve bilistar bøter for å køyre for fort. Av desse elleve var den høgste farta 97 km/t.

Éin bilist måtte seie frå seg førarkortet.

Ein mann i 50-åra vart målt til 117 km/t, tre km/t over grensa på 115, og mista førarkortet. Saka blei meld til politiet.

Les også

Ambulanse kom tilfeldigvis over trafikkulykke i Førde

Les også

Køyrde i to veker utan godkjent kvile

Kommentarer til denne saken