Gå til sidens hovedinnhold

Mann må fire år i fengsel for overgrep mot stedotter

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein mann i 30-åra frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i fire år for seksuell omgang med stedottera i 2012 og 2013, frå ho var 13 år.

Den fellande dommen i ankesaka inkluderer seksuell omgang med stedottera då ho var 13 år og var med tiltalte på hyttetur. På same hyttetur, konstaterer lagmannsretten, forgreip tiltalte seg på veninna til stedottera som var 15 år, skriv Bergens Tidende.

I dommen frå Bergen tingrett frå mars i år fekk mannen fengsel i fire år og tre månader, men han anka saka. Straffa i lagmannsretten vart tre månader kortare. I tillegg må mannen i 30-åra ut med samla erstatningar til stedottera og venninna på 302.108 kroner.

Mannen nekta skuld for alle dei tre tiltalepunkta som gjeld stedottera.

Advokaten til mannen, Kai-Inge Gavle, seier klienten hans meiner straffa er for altfor høg.

– Han synest òg det er veldig kjedeleg at han ikkje blir trudd. Han ønsker at det som kan ankast, skal ankast, seier forsvararen.

(©NPK)