Mann køyrde på parkerte bilar i Førde sentrum – var rusa og hadde ikkje førarkort

Politiet fekk litt å styre med i natt.

DEL

Klokka 23:54 i natt meldte politiet på Twitter at ein mann i 60-åra køyrde inn i fleire parkerte bilar i Førde sentrum. Mannen var rusa, og hadde ikkje førarkort. Ingen vart skadde i ulykka. Saka er meldt til politiet.

På Skagastølstindane i Sogn gjekk eit turfølge på fire personar seg skårfaste. Klokka 01:31 meldte politiet om at det var sett i gang redningsaksjon. Dei blei henta med redningshelikopter, og alle fire kom seg ned uskadde.

Artikkeltags