Mann køyrde nesten dobbelt så fort som fartsgrensa

Førarkortet blei beslaglagt.

DEL

Politiet i Førde utførte laserkontroll på Øyrane i Førde frå 23:50-02:00 natt til søndag.

– Ein mann i 20-åra vart stoppa etter å ha blitt målt til 92 km/t i 50-sona. Førarkortet blei beslaglagt, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Mannen skal ha køyrt i edru tilstand.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken