Gå til sidens hovedinnhold

Mann køyrde av vegen – har truleg sovna bak rattet

Politiet har kverrsett førarkortet.

Klokka 00.21 natt til tysdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Nordfjord.

Føraren, ein mann i 70-åra, skal ha køyrd utfor vegen. Han kom uskadd frå hendinga.

Politiet var på staden og har oppretta sak på hendinga.

– Det er ikkje mistanke om rus, men at føraren har sovna, seier Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest Politidistrikt.

Politiet har kverrsett førarkortet.

Bilen vart henta med bilbergar.