Mann køyrde 116 km/t i 80-sona. Der sto politiet klare

DEL

På E39 ved Øksland mellom Vadheim og Sande vart ein mann teken i 116 kilometer i timen. Fartsgrensa på staden er 80. Mannen måtte då levere frå seg førarkortet til politiet, og finne seg i å bli politimeld.

Det skjedde kl. 21.00 søndag kveld, ifølge operasjonsleiar Stine Mjelde i Vest politidistrikt.

I den same kontrollen noterte politiet seg totalt 15 brot for høg fart. De var ingen mistankar om ruskøyring.

Artikkeltags