– Det er veldig tidleg i etterforskinga førebels. Vi har fått ei melding via via frå nokre utanlandske arbeidarar om at ein mann skal vere stukken med kniv. Vi er på veg til staden no for å finne ut kva som har hendt, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest Politidistrikt.
– Det har vore nokre språklege utfordringar som gjer at vi førebels veit lite om saka. Men Sentralsjukehuset har fått inn ein pasient som har skadar som kan tyde på at han er stukken med kniv. Det skal ikkje vere snakk om ein alvorleg skade, seier Dahl-Michelsen.
Politiet har fått den skadde i tale.
– Vi fekk like etter klokka 18.00 melding om bråk i ei hytte. Så vidt eg forstår, er det snakk om ei privat hytte, og det skal ha skjedd i området rundt Vassenden i Jølster.
SISTE:
Politiet har kontroll på den dei meiner er gjerningsmannen, melder politiet på Twitter.