Mann i 70-åra køyrde utfor vegen på Utvikfjellet
Sjåføren kom frå det uskadd.
Klokka 14.15 denne søndagen fekk politiet melding om bil som hadde køyrd utfor vegen på fv. 60 over Utvikfjellet i Gloppen kommune.
Ulykka hendte på Utvik-sida av fjellet. Bilen hamna på sida. To personar var om bord i bilen. Dei kom seg ut på eiga hand, og hadde brukt bilbelte, opplyser politiet.
– Dei blei undersøkt på staden når ambulansen var framme, og var etter det vi veit uskadde, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.
Sjåføren var ein mann i 70-åra. Passasjeren er ikkje loggført hos operasjonssentralen, ei heller kor skadd bilen blei.
I 16.00-tida blei bilen henta av bilbergar.
Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33