Sogn Avis skriv tysdag morgon at ein mann i 60-åra er sakna i Lærdal.
– Det vart sett i verk ein redningsaksjon då ein mann i 60-åra er meldt sakna i Lærdal. Han er sist sett søndag kveld, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stine Mjelde, til Sogn Avis.
Ifølge avisa kom meldinga til politiet frå ein innringjar klokka 21.58 måndag kveld.
– Det har vorte leita gjennom natta. Røde Kors, Norske Redningshunder og ei elveredningsgruppe deltek. Det har Ikkje kome nye opplysingar i løpet av natta og vi har bede om bistand frå Sivilforsvaret, seier Mjelde.
Den sakna er busett i Lærdal. Mannskap i frivillige organisasjonar som deltek i aksjonen har oppmøte på plassen ved sidan av Statens vegvesen sitt bygg på Grandane, skriv avisa.
– No vil det bli utskifting av ein del mannskap og det vil bli gjort opp status på kor mykje mannskap ein har tilgjengeleg gjennom dagen, seier Mjelde.
– Sist sett ved ei hengebru
Firda får opplyst av Vest politidistrikt at den sakna mannen var sist sett ved ei hengebru, ved Ljøsne i Lærdal.
– Mannen var sist observert ved ei tynn hengebru i Ljøsne. Vi held alle moglegheiter opne på dette tidspunkt. Vi veit ikkje om mannen var på fjelltur eller om han reist vekk utan å melde frå, seier Jørgen Ommedal, i Vest politidistrikt.
– Vi jobbar no med å bytte mannskapet, slik at vi får friske krefter inn i søket etter mannen, seier han.
Har du tips i saka? Kontakt politiet på telefonnummer 02800.