Klokka 11.39 laurdag føremiddag kom det meldingar frå helsevesenet om ei arbeidsulykke som hadde skjedd i samband med skogsarbeid og trefelling.

Ulykka skal ha skjedd i terrenget vest for Måløy, melder vest politidistrikt i ei pressemelding.

Det var ein mann i 60-åra som var involvert i ulykka, og vedkommande vart etter forsøk på livreddande arbeid erklært død på staden.

Pårørande er varsla, og det vil bli oppretta sak, skriv politiet.