Klokka 13.58 fekk politiet melding om ein mogleg sakna mann i Årdal. Mannen i 60-åra skal ha vore på fjelltur i området ved Koldedalsvatnet, og familien har ikkje fått kontakt med han dei siste dagane.

Politi, frivillige mannskap og redningshelikopter er sendt mot området for å sette i gang søk, melder politiet klokka 14.47.

På Twitter klokka 15.11 melder politiet at dei ikkje har noko meir informasjon kring leiteaksjonen, men Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder er kalla ut. Det blir vidare meldt at ingen av desse er komne fram til området.

Klokka 15.35 melder HRS Sør-Norge om at ein person har sendt naudmelding med SMS i Falketid-området i Årdal. HRS har sendt redningshelikopter mot staden.

– Det er same mann som er meldt sakna som har sendt naudmelding, seier Kjetil Hagen ved Hovedredningssentralen i Sør-Norge.

Klokka 16.05 blir det meldt av Operasjonssentralen i Vest politidistrikt at den sakna mannen er funnen i god behald. Det er ikkje behov for helsehjelp eller annan bistand, og mannen går sjølv ned til bilen sin.

Leiteaksjonen er no avslutta.