Mann i 50-åra skadd i arbeidsulukke i Stryn

DEL

Hendinga vart varsla klokka 12.35 tysdag, melde Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Stine Mjelde opplyser til Firda at ein mann i 50-åra er frakta til Førde sentralsjukehus. Skadeomfanget er uvisst.

– Han jobbar i eit firma som driv med skogsarbeid. Det var lensmannskontoret i Stryn som først vart varsla om hendinga og no er ein patrulje på veg til staden for å gjere åstadsundersøkingar. Det er ikkje kjend om mannen var åleine eller saman med andre då ulukka oppstod, seier Mjelde.

Kva som er årsaka til arbeidsulukka er heller ikkje kjend for politiet på noverande tidspunkt.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags