Mann i 40-åra teken med amfetamin i Eikefjord

Onsdag kveld oppdaga politiet i Eikefjord ein mann som oppførte seg mistenkeleg.

DEL

– Mannen prøvde å gøyme seg frå politiet då dei reagerte på merkeleg oppførsel, opplyser operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatiana Knappen.

Dei oppdaga mannen klokka 21.10 onsdag kveld i Eikefjord.

Då dei fekk kontakt med mannen i 40-åra, fann dei narkotika av typen amfetamin i umiddelbar nærleik til personen.

Han vart sett i arresten, og det blir oppretta sak på forholdet, opplyste politiet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags