Mann i 40-åra tatt for å køyre pirattaxi

Sjåføren la seg langflat. No ventar eit oppgjer med lovens lange arm.

DEL

Litt etter klokka 03.00 natt til søndag vart ein mann i slutten av 40-åra stoppa av politiet. Dei mistenkte han for å køyre pirattaxi i Førde.

– Det var mistenkelege forhold som umiddelbart sa at mannen dreiv med ulovleg køyring av passasjerar, seier Hatlenes.

– Kva legg du i mistenkelege forhold?

– Du kan google pirattaxi verksemd og sjølv sjå kva det gjeng i, seier han.

Politiet stoppa mannen og han erkjende skuld på staden.

Sjåføren er no meldt til politiet.

Artikkeltags