Mann i 30-åra tiltalt for valdtekt

DEL

Ein mann i 30-åra er blitt sett under tiltale for valdtekt i Sogn og Fjordane tingrett. Denne skal ha skjedd ei laurdagsnatt ein stad i ytre Sogn i oktober i fjor.

Den fornærma skal ha vore rusa og sovande, og derfor ikkje i stand til å sette seg imot handlinga.

Bistandsadvokaten til fornærma kjem til å komme med erstatningskrav. Saka har oppstart den 21. april.

Artikkeltags