Personen som vart funnen i vanskeleg terreng i Loen fredag, etter ei speedglider-ulykke, er no stadfesta omkommen.
Det melde først VG, etter å ha fått stadfesta dette frå politiets operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Dei pårørande til den omkomne er no varsla.
Politiet stadfestar vidare dødfallet i ei pressemelding like før klokka 16.30. Den omkomne er ein mann i 30-åra. Han vart funnen i vanskeleg terreng på ca 650 meters høgde, etter ei speedgliderulykke. Klokka 14.22 vart han henta ut frå ulykkesstaden i redningshelikopter.
Årsaka til ulykka er ukjent og saka vil bli etterforska av politiet vidare.
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen informerer vidare at det var fleire tilstades under ulykka og at kommunens krisetem difor er kopla på.