Like over klokka to natt til søndag måtte politiet rykke ut til ein utestad i Florø etter å ha blitt tilkalla av ein vektar på staden.
– Patruljen vart tilkalla fordi ein mann var vanskeleg og kranglete, seier Jørgen Ommedal, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Mannen, som er i 30-åra, vart teken hand om av politiet og køyrd til drukkenskapsarresten i Førde. Han vi bli meldt for brot på pålegg om å fjerne seg frå staden.
– Konklusjonen er elles at vi har hatt ei roleg natt i Sogn og Fjordane, avsluttar Ommedal.

Bildeserie
Sjå bildeglimt frå Førdecupen i Førdehuset
Les også