Mann i 30-åra krasja i fjellveggen

DEL

Vest politidistrikt melder at det har vore ei trafikkulykke ved Redalstunnellen på Fv. 611.

– Ein mann i 30 åra har krasja i fjellveggen. Det er ikkje meldt om personskade, men det var store materielle skader. Føraren vart frakta til legevakt for sjekk, men stod fram der som uskada, seier operasjonsleiar Stein Rune Helleraker i politiet.

Det går ikkje fram av politiloggen om ulykka skjedde inne i eller utanfor tunnelen.

Mannen var åleine i bilen og melde sjølv inn hendinga til politiet. Det skjedde klokka 23.38 onsdag kveld.

Politiet var på staden og gjorde undersøkingar. Helleraker seier dei vil opprette sak på grunn av dei materielle skadane, men har inga mistanke om promille.



Artikkeltags