Klokka 05.10 meldte Vest politidistrikt om ei trafikkulukke i Askvoll sentrum.

Operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt seier at det sat to personar i bilen.

Både politi og ambulanse rykte ut til staden.

Mistenker promillekøyring

Førar av bilen er ein mann i 30-åra, og politiet mistenker at han var påverka av alkohol. Mannen blei tatt med vidare for blodprøve.

Då Firda snakka med operasjonssenrtalen klokka 07.00 hadde ikkje ambulansen teke med seg nokon, men Tore Andre Brakstad i Vest politi kunne ikkje bekrefte friskmelding på dette tidspunkt. Begge skal derimot ho vore oppegåande etterr ulukka.

Bilen er ikkje køyrbar, og ventar på bergingsbil.

Ulukka skal ha funne stad i Askvoll sentrum i nærleiken av Askvoll kyrkje.

Vegbana har tilnærma fri ferdsel.