Vest politidistrikt melde fredag klokka 22.35 at ein mann i 20-åra var sakna i området mellom Fåfjorden og Djupsundet, som ligg mellom Bremangerlandet og Måløy.
Han skal ha reist ut i 16-tida åleine for å dra teiner.
Kystvakt, redningsskøyte, redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og brannbåt med dykkarar vart sett inn i søk, opplyste politiet.
Berre minutt etter politiet gjekk ut med saknameldinga, melde dei at mannen var funnen.
- Redningshelikopteret har funne mannen ved Skorpeholmane. Han verkar å vere i god form og er tatt om bord i Kystvaktskipet. Det skal ikkje vere behov for legetilsyn.
Ifølgje politiet skal båten ha kantra.
TIPS OSS
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33