Mann i 20-åra skulle svinge unna eit dyr – enda i husveggen

Natt til laurdag rykte politiet ut til ei trafikkulykke i Dale.

DEL

Klokka 04.22 natt til laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Hatledalsvegen i Dale.

– Føraren, ein mann i 20-åra, skal ha svinga unna eit dyr og køyrt inn i ein husvegg, seier Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Han skal ha vore åleine i bilen, og ikkje meldt om personskadar.

– Han blei tatt med av ambulanse til sjekk likevel, seier Algrøy.

Ifølge Algrøy var det store skader på bilen og noko på huset. Det skal ikkje ha vore nokon i huset då hendinga skjedde.

– Politiet har vore i kontakt med huseigar, men det verkar ikkje som dei var heime, seier han.

Politiet opprettar sak, men dei mistenker ikkje ruspåverka køyring.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags