Klokka 23.25 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Breimsvegen i Gloppen.
– Der hadde det vore ein bil som køyrde i autovernet på E39. Det var ein bil som var involvert. Føraren var vaken og oppegåande, og kom seg ut av bilen på eigen hand, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen ved Vest politidistrikt.
Føraren var ein mann i 20-åra.
Airbagane løyste ut, og bilen fekk materielle skader. Vegen vart delvis stengd i kring ein time etter ulykka.
– Dette skjedde i 80-sona, så her kan det ha vore snakk om stor fart, seier Knappen.
Ein annan ting det kan vere snakk om, er fyllekøyring.
For Knappen seier vidare at politiet fekk utslag på alkometeret. Derfor tok dei mannen med til legevakta for blodprøve.
– Føraren er no dimittert av politiet. Det blir oppretta sak, og det er sjølvsagt også gjort førarkortbeslag, seier Knappen.
Merk: Det er fleire stadar i Gloppen som heiter Breimsvegen. Ulykka skjedde på E39, men ut over dette har politiloggen ikkje nøyaktige opplysningar om kor ulykka skjedde.