Mann i 20-åra fekk inndrege førarkortet etter krasj

Mann skal ha køyrd i altfor høg fart inn i rundkøyring og deretter hamna i eit autovern.

DEL

Det var seint på kveld i år at sjåføren i 20-åra kom køyrande ved Loftesnesbrua i Sogndal.

På veg inn i rundkøyring skal han ha halde altfor høg fart, som enda med at han hamna ut av vegbana og kolliderte inn i eit autovern like etter. Det blei store skader på bilen og på autovernet.

Eit vitne meinte mannen haldt ein fart mellom 50 og 80 km/t.

Sikta meinte sjølv at det måtte vere glatt vegbane eller teknisk feil. Han hevdar at han hadde låg fart i rundkøyringa.

I Sogn og Fjordane tingrett blei det nyleg bestemt at mannen må greie seg utan førarkort fram til saka mot han kjem opp i tingretten.

Sikta meinte sjølv at dette ville føre til store problem for han, men dette lytta ikkje retten til.

Andre krimsaker

Artikkeltags