Mann funnen død i fjøresteinane: – Grunn til å tru at det er den sakna 89-åringen

DEL

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

– Klokka 1500 blei Vest politidistrikt varsla om at ein mann var funne død i fjøresteinane ved Kvigesundsholmane i Gulen kommune. Den avdøde er ikkje formelt identifisert enno, men det er grunn til å tru at det er mannen som vart meldt sakna etter ei drukningsulykke i tidlegare i veka, seier operasjonar Morten Rebnord.

Pårørande er varsla, men namn på den avdøde blir ikkje frigitt i dag. No ventar obduksjon, opplyser politiet.

Seint på kvelden den 29. april vart Vest politidistrikt kontakta av pårørande om at dei ikkje kom i kontakt med eit familiemedlem i Gulen. Mannen, ein 89-åring, hadde reist på hytta nokre dagar i førevegen åleine.

Det vart sett i verk søk med redningshelikopter, frivillige (Røde Kors, Norske redningshundar, Norsk Folkehjelp), brannvesen, redningsskøyte og politimannskap både på land, langs land og på sjøen.

Det vart etter kvart funne ein båt på sjøen som tilhøyrde den sakna.

– Ut frå det som vart funne i båten (mellom anna fiskereiskap, fortøyingsmåte og plassering) tilseier at han truleg har falle i sjøen, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund torsdag.

Ein sette i gang søk med dykkarar i området, utan resultat. Fredag og laurdag har ein leita ved hjelp av miniubåt.

Artikkeltags